Internasjonal filmpris til Visit Jotunheimen

Visit Jotunheimen kan koste på seg både blomar og jubelrop etter at filmen deira, «Jotunheimen» fekk andreplass i klassa "Berekraftig og ansvarlig turisme" under årets Art & Tur International Tourism Film Festival i den portugisiske byen Leiria.

Pris: Ein reklamefilm om Jotunheimen har vunne ein internasjonal filmpris.  Foto: Privat

Nyheiter

Det er den norske filmfotografen og -produsenten Sven-Erik Knoff frå Trondheim som har produsert filmen saman med Visit Jotunheimen.

- At filmen fekk 2. pris i ein så prestisjefylt og attraktiv kategori, Sustainable & Responsible Tourism, gjer meg veldig stolt. Det er mange potensielle filmar som kunne fått prisen, så det at filmen vår vart såpass godt likt av den internasjonale juryen, syner at vi verkeleg traff ei nerve, seier Knoff i ei pressemelding.

Ein stor del av opptaka er filma med drone, kombinert med vanleg kamera. Opptaka til «Jotunheimen» vart gjort i løpet av to dagar i området rundt Raubergstulen og på Sognefjellet i mai 2018, med Ove Nestvold, guide i Aktiv i Lom og Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar i Visit Jotunheimen i «hovudrollane».

- Målet med filmen var å syne fram vårt eldorado for varierte naturopplevingar i både høgfjell og lågland - om det er på sykkel, ski, til fots eller på ryggen i ei hengekøye, seier reiselivssjef Mari Arnøygard Wedum. Vi har aldri pakka så mykje ulikt utstyr for ein tur. Alt frå badetøy og fiskestong til sykkel for terreng og landeveg og joggesko var med. Men det er jo slik, at i Jotunheimen kan du faktisk vandre i dagevis, sykle, springe, ta ein dukkert i friskt fjellvatn, nyte majestetisk utsikt frå ein fjelltopp - eller berre sitja i ro og nyte. Og det får denne filmen faktisk fram på tre minutt, seier Wedum.

Ved sidan av at filmen lever livet vidare i sosiale medier, vil han bli synt fram for fleire filmfolk framover.

- Det er vanskeleg å seia kor mange som vil sjå filmen som ei følgje av filmprisen, men han vart òg synt fram under Cannes Corporate & Media Awards i september, og skal synast for filmfolk i Japan, på visning i Tokyo i november. Filmen er godt likt overalt, seier produsent Sven-Erik Knoff.

«Hovudroller»: Mari Arnøygard Wedum og Ove Nestvold spelar «hovudrollene» i filmen om Jotunheimen.  Foto: Sven-Erik Knoff

Filmskapar: Sven-Erik Knoff er mannen bak filmen.  Foto: Privat