Prisdryss til Gull og Gråstein frå Vågå

Under Innlandsperler, Innlandets store reklame- og designkonkurranse, vann Gull og Gråstein både gull og bronse i kategorien for beste annonse.

Prisvinnarar Bilde frå prisutdelinga med prisvinnarar frå Krible Design og Gull & Gråstein. Sigurd Rønningen står bak til venstre.  Foto: Hedmark og Oppland Markedsforening

Nyheiter

Innlandsperler er Innlandets store reklame- og designkonkurranse som kvart år blir arrangert av Hedmark og Oppland Markedsforening.

Årets Innlandsperler vart arrangert sist fredag. Prisutdelinga samla 150 marknadsførar frå heile Innlandet, og i konkurranse med store byrå som Anti og Ferskvann, fekk Krible frå Vinstra og Gull & Gråstein frå Vågå maks utteljing i form av premiering for alle sine nominerte arbeid.

Krible Design vann bronse, sølv og gull for profileringsmateriell dei har laga på oppdrag for Nasjonalparkriket, Arctic Dome og Laagen Lokalmat. 

Gull & Gråstein vann gull for rekrutteringskampanjen for ny sokneprest; «Litt lengre frå byen - litt nærare himmelen», på oppdrag for Vågå kyrkjesokn og bronse for bygdebegeistringskampanjen «Vi bankar for Norddalen» på oppdrag for Sparebank 1 Lom og Skjåk. 

Juryen er satt saman av bransjefolk frå byrå både frå Oslo og Innlandet som ikkje har noko tilknyting til konkurransen. Årets konferansier under Innlandsperler var Thomas Seltzer.

Juryens grunngjeving om presterekrutteringskampanjen til Gull og Gråstein:

«Gullvinneren i annonsekategorien kommuniserer med få, men svært effektive virkemidler. Både når det kommer til det visuelle, men også til det skriftlige. Svært sjarmerende, morsomme og varme rekrutteringsannonser vokser ikke på trær - de vokser i Vågå».