Historisk rekordomsetning på nye Kiwi i Lom

... og fleire er interesserte i Nilsbue

Omsetninga på nye Kiwi i Lom sist fredag, på opningsdagen, slo alle tidlegare rekordar.

Fullt køyr: Det er fullt køyr på nye Kiwi i Lom. Aldri før har dei opplevd så mykje trafikk og handel.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Vi hadde tippa på omsetninga føreåt, og alle bomma med mellom 30 og 40 prosent. Omsetninga denne dagen slo alle rekordar, det vart handla for meir enn ein sommardag fullt med turistar og handla for meir enn veltjulekvelden, det var rett og slett heilt utruleg, fortel ein glad Arnt Rune Vole, dagleg leiar i Kiwi Lom.