Fleire huseigarar i flaumråka Blåbærmyra får ikkje feira jul heime i år:

Omfattande skadeomfang

Lena Kolden er éin av fleire huseigarar i bustadfeltet som har måtte flytte ut på grunn av skadane etter flaumen.
Nyheiter

– Eg har aldri funne fram julepynten min så tidleg som i år. Den har eg teke med meg til vår nye mellombels adresse, seier Lena Kolden i Blåbærmyra i Bismo, som er éin av fleire huseigarar i bustadfeltet som vart hardt råka av flaumen. Skadane på huset hennar vart omfattande, og måndag denne veka starta snikkarar riving av golv.