Natt til sundag startar vintertida

Er du lei av å stille klokka to gongar i året? Snart kan det bli slutt på klokkestillinga.

Vintertid: Klokka skal stillast ein time attende natt til sundag, men snart blir det kanskje slutt på klokkestillinga.  Foto: Tom Erik Solstad/ Illustrasjon

Nyheiter

Klokka skal stillast ein time attende natt til sundag, frå klokka 03.00 til 02.00. Da startar nemleg vintertida.

Men snart kan det bli slutt på klokkestillinga. EU-kommisjonen har nemleg lagt fram forslag om å gå bort frå sommartidordninga. Om forslaget går gjennom blir det opp til kvart EU-land å bestemme kva tidssone ein skal ha. Dette må Noreg også ta stilling til.

I ei uttale har næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som har ansvar for Justervesenet og dermed Noregs bidrag til verdas tid sagt at det blir spennande å sjå kva EU til slutt landar på når dei skal behandle forslaget.

– Nå skal vi òg vurdere det. Uansett vil dette påverke oss. Noreg er avhengig av handel med andre EU-land, og det er generelt ein fordel for næringslivet at vi har same tid som nabolanda, uttalar næringsministeren.

Om vi vel sommartid som normaltid stiller vi klokka for siste gong 31. mars 2019. Om vi vel vintertid som normaltid, stiller vi klokka for siste gong 27. oktober 2019.

Inntil vidare held Noreg seg til forskrift om sommartid, noko som betyr at du får ein time lenger søvn natt til sundag 28. oktober.