Samarbeid mellom dei seks kommunane i regionen:

Felles beredskapsvakt for barnevernet

Frå 1. januar blir det etablert ei felles beredskapsvakt for barnevernet i Nord-Gudbrandsdal.

Samarbeid: Snart blir det felles beredskapsvakt for barnevernet i regionen. Bak f.v.: Jan Egil Fossmo (rådmann i Vågå kommune), Bjørn Bakke (kommunalsjef helse i Lom kommune), Liv Olasveen (tenesteleiar helse i Vågå kommune) og Therese Hole (sektorsjef helse og omsorg i Lesja kommune). Fremst f.v.: Iren Ramsøy (kommunalsjef helse og omsorg i Sel kommune), Hege Lorentzen (helse- og rehabiliteringsleiar i Dovre kommune) og Hilde Reitan (kommunalsjef helse og omsorg i Skjåk kommune).  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Rett nok skal samarbeidet om barneverntenesta opp til politisk behandling i alle kommunane før nyttår, men kommunalsjefane i regionen er overtydde om at etableringa av akuttberedskapen vil gå gjennom politisk, og blir da gjeldande frå 1. januar.