Ryddedugnad-stafett:

Turlaget tek utfordringa

Ein gjeng småbarnsmødre i Skjåk sette torsdag i gang ein ryddedugnad-stafett etter flaumen, der dei sendte stafettpinnen vidare til Skjåk Turlag. Turlaget tek utfordringa!

Ryddedugnad: Trillegruppa i Skjåk, som består av ein gjeng småbarnsmødre, har sett i gang ein ryddedugnad-stafett.  Foto: Privat

Nyheiter

Skjåk Turlag opplyser fredag kveld at dei tek utfordringa frå småbarnsmødrene, og oppmodar alle medlemar og andre interesserte om å bli med på rydding fyrstkomande sundag føremiddag.

– Vi har to møteplasser du kan velje mellom. Det er Skamsar bru og Moar grendehus, opplyser turlaget, som har ein del søppelsekkar som vil bli delt ut.

Ein kan også ta med seg sekk sjølv.

Det var torsdag denne veka at trillegruppa i Skjåk, som består av ein gjeng småbarnsmødre, hadde ryddedugnad i skogen i Bismo, der dei plukka glasopor og søppel etter flaumen.


Småbarnsmødre vil lage stafett av ryddedugnad

Ein gjeng ivrige småbarnsmødre i Skjåk oppmodar lag, organisasjonar og privatpersonar om å bli med på ryddedugnad attpå flaumen.

 

Dei hadde eit ynskje om å lage ein stafett av ryddedugnaden, og oppmoda lag, organisasjonar og enkeltpersonar om å bli med.

Nå har altså Skjåk Turlag teke utfordringa, og dei opplyser at dei ynskjer å sende stafettpinnen vidare til Lom og Skjåk Skytterlag.