Nye Kiwi er opna

Nye Kiwi i Gjeisarøya i Lom vart offisielt opna fredag morgon.
Nyheiter

– På vegner av firma Nils Haugen vil eg takke for all støtte og hjelp den siste tida. Det er mange som har gjort ein fantastisk jobb, sa dagleg leiar Arnt Rune Vole da han ynskte vel møtt til den offisiell opninga.

Han fortalde at dei alle, både tilsette og entreprenørar, har «halde på stort sett nesten heile tida», som han uttrykte det.

– Det har ikkje vorte mykje sømn. Vi har hatt dette bygget i 26 dagar, og vi starta flyttinga for seks dagar sidan. Eg meiner vi har fått ein kjempebra butikk, og eg håpar kundane tykkjer det same, sa han.

Det var ordførar Bjarne Eiolf Holø som fekk æra av i klippe snora og erklære den nye butikken for offisielt opna.