Mannen er funnen

Leiteaksjon i Skjåk med godt utfall.
Nyheiter

Politiet opplyser til Fjuken klokka 13.30 at mannen som har vore på tur i området rundt Grotli sidan førre fredag, nå er funnen.

– Han er funnen i god behald i Danskehytta, men kom seg ingen veg på grunn av all snøen. Nå er han henta ut av redningsmannskap, opplyser operasjonsleiar hjå politiet.