Leiteaksjon i Skjåk

Det blir sett i gang leiteaksjon etter ein kar i 70-åra i Grotli-området.
Nyheiter

Politi, mannskap frå Røde Kors og redningshelikopter er fredag ettermiddag i gang med ein leiteaksjon i fjellet.

– Vi har ikkje hatt kontakt med mannen på telefon, og har derfor vald å setja i gang undersøkingar, får vi opplyst frå operasjonssentralen hjå politiet i Innlandet.

Etter det Fjuken kjenner til, tok ein kar i 70-åra ut på tur i området Grotli/Danskehytta førre fredag. Han skulle vera attende tysdag eller onsdag denne veka.

Bilen hans står framleis ved Grotli hotell. Det har kome ein del snø i høgfjellet, og ein skal fyrst og fremst sjekke hyttene, mellom anna DNT-hytta Danskehytta nord for Grotli.

Mannen er ikkje heimehøyrande i vårt distrikt.