Flaumsikringstiltak blir sett i gang raskt

Skjåk kommune og NVE har gjort prioriteringar, og tiltak blir sett i gang nå.

Fyrsteprioritet: Skjåk kommune og NVE har gjort prioriteringar i form av sikringstiltak med tanke på flaum. Elva Skjøle herja under flaumen i Skjåk og blir fyrsteprioritet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Torsdag hadde Skjåk kommune eit møte med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som har som oppgåve å gjeva fagleg rettleiing og økonomisk bistand til Skjåk kommune etter flaumen. NVE var raskt på plass under flaumen, og kom da krisa var på sitt verste. Dei siste dagane har direktoratet vore i Skjåk der dei har gjort ein del kartleggingar attpå flaumen.