Småbarnsmødre vil lage stafett av ryddedugnad

Ein gjeng ivrige småbarnsmødre i Skjåk oppmodar lag, organisasjonar og privatpersonar om å bli med på ryddedugnad attpå flaumen.

Dugnad: Ein gjeng småbarnsmødre i Skjåk håpar å kunne lage ein stafett av ryddedugnaden dei hadde torsdag.  Foto: Privat

Søppel og glasitt: Mødrene fekk fylt mange søppelsekker torsdag.  Foto: Privat

Nyheiter

Torsdag plukka trillegruppa i Skjåk, beståande av ein gjeng småbarnsmødre, søppel og glasitt ein heil time i skogen i Bismo. Dei fekk fylt mange søppelsekkar, og nå håpar mødrene at det kan lagast ein stafett av ryddedugnaden dei hadde torsdag.

– Vi oppmodar andre lag, organisasjonar og privatpersonar om å ta «ein time for Glasopor» og «ein time for Skjåk», opplyser den ivrige trillegruppa.

Dei sender stafettpinnen - eller «glasittpinnen» - vidare til Skjåk Turlag, og opplyser at søppelsekkar kan hentast i servicetorget på kommunehuset i Skjåk.

Alle monner dreg!

Rydding: Småbarnsmødrene rydda ein heil time i skogen i Bismo.  Foto: Privat