Skal rydde skog for å opne sikta mot sentrum

Vågåmo sentrum ligg «gøymt» bak ein skog når ein køyrer riksveg 15. Nå skal skogen ryddast for å opne sikta mot sentrum.

Ser ein skog: Vegfarande på riksveg 15 ser kanskje toppen av kykjespiret om ein kastar eit blikk over mot Vågåmo. Nå skal skogen på andre sida av Vågåvatnet ryddast for å opne sikta inn mot sentrum.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Ordførar Iselin Vistekleiven har gjeve Stein Holen i kommuneadministrasjonen og skogsbrukssjef Per Ekre i oppdrag å sjå på mogleg rydding av skogen mellom Sundbrua og kraftlinja i Vanglandet for å opne opp slik at det blir sikt frå riksvegen inn mot sentrum i Vågåmo.