Aud Hove toppar lista

Fylkesvaraordførar Aud Hove frå Skjåk toppar lista til Hedmark og Oppland Senterparti.

Skjåk: Nominasjonskomiteen for Hedmark og Oppland Senterparti har plassert Aud Hove frå Skjåk på fyrsteplass.   Foto: Arkiv/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det er ein samrøystes nominasjonskomite som legg fram listeforslaget. Nominasjonsmøtet skal gå føre seg den 24. november.

– Vi har hatt 16 kandidatar inne til intervju, og alle lokallag har vore invitert til å koma med innspel i to omgangar. Vi er heldige som har så mange flinke folk som ynskjer å stille på lista og gjera ein god jobb for fylkeskommunen, skriv nominasjonskomiteen i ei pressemelding.

Målet for Hedmark og Oppland Senterparti er å gjera eit godt val hausten 2019 – så godt at dei får inn minst 15 på fylkestinget og helst fylkesordføraren.

Fjuken veit at Skjåk Senterparti har ynskt seg Aud Hove som ordførarkandidat til kommunevalet neste haust. Det ynsket vil ikkje gå i oppfylling nå.

– Å ta stilling til kva eg skulle velja av det lokale partiet eller fylkespartiet, tykte eg var svært utfordrande. Eg kunne absolutt tenkt meg å stille som Sp sin ordførarkandidat i Skjåk, men ettersom nominasjonsnemnda i Oppland og Hedmark har plassert meg heilt på toppen av lista, blir det ikkje slik denne gongen. På ei anna side håpar eg at eg kan vera ei tydeleg stemme for Skjåk og dei andre kommunane i Oppland og Hedmark i den rolla eg måtte få på fylkesnivå etter valet, seier Aud Hove.

Aud Hove har vore aktiv Sp-politikar ei årrekkje, både i lokal- og fylkespolitikken. Ho er i dag fylkesvaraordførar i Oppland.

Andre namn frå Ottadalen finn vi óg på listeforslaget, men ganske langt ned: Bjørn Andreas Ovesen frå Lom (27. plass), Anders Gustav Bjørnsen frå Vågå (31. plass) og Svein Arne Bøje frå Skjåk (53. plass).