Glasopor i Skjåk er i ein svært utfordrande situasjon etter flaumen

– Storsamfunnet må stille opp

Utviklingssjef i Glasopor i Skjåk, Svein Gudbrand Lund, er fortvila over at storsamfunnet ikkje stiller opp etter flaumen.

Har trua: – Vi må vera optimistar og ha trua på at det skal ordne seg, seier utviklingssjef Svein Gudbrand Lund og fabrikksjef Ole Vegard Wang.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Sjølve flaumen var eit traume, og nå ser det ut som om traumet berre held fram. Eg har støtt innbilt meg at staten har ordningar, eitt eller anna fond, som kan koma på banen i situasjonar som denne, men slik er det tydelegvis ikkje. Eg tykkjer det er merkeleg at Noreg – eitt av verdas rikaste land – ikkje tek ansvar. Nå er det berre forvirring og advokatmat når det gjeld kven som skal betale for kva, sukkar utviklingssjefen.