Mellombels løysing ved Dyringen:

Ny bru vil ta lang tid

Det vil ta tid før vegen til Sota kan opnast for vanleg ferdsel.

Provisorisk løysing: Dyringsbrua over Åstre reiste med flaumen, og elveløpet har vorte i underkant av 43 meter breitt. Den gamle brua var 17 meter lang. Nå jobbar Skjåk kommune mot ei provisorisk løysing.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Sundag 14. oktober, under flaumen, tok vassmassane med seg Dyringsbrua over Åstre i Skjåk. Hyttefeltet med nesten 120 hytter og over 20 setrer vart isolert. Personane som var i hyttefeltet vart henta ut med helikopter, medan bilane framleis står att. Det er prat om i alt elleve bilar.