Blir trafikksikre kommunar

Torsdag får Vågå og Lom beviset på at dei er to av sju nye trafikksikre kommunar i Oppland.

Trafikksikker kommune: Vågå kommune har fått status som trafikksikker kommune.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Lom, Vågå, Søndre Land, Lillehammer, Etnedal, Dovre og Sør Aurdal er sju nye trafikksikre kommunar i Oppland.

I fylkestinget torsdag får dei beviset på dette. Kommunane blir godkjent for tre år om gongen. 

I tillegg er Oppland fylkeskommune landets første trafikksikre fylkeskommune.

– Flere kommunar i Oppland har tatt tak og arbeidd godt for å tilfredsstille trafikktryggleikskriteria, seier leiar av Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) Gunnar Tore Stenseng i ei pressemelding.

Det er Trygg trafikk som har arbeidd fram opplegget med trafikksikker kommune.

Kort fortalt handlar det om at leiinga i kommunen må sørgje for at alle avdelingar i kommunen må tenkje trafikktryggleik i det daglige arbeidet, og i planlegging.

– Arbeidet med menneske ute i kommunane er viktig for å nå målet om null drepte og hardt skadde i trafikken, seier Stenseng.

– Vi arbeider nå med dei seks siste kommunane i Oppland. Vi har godt håp om at de skal vere i mål i 2019, seier Stenseng.

Trafikksikker kommune: Lom kommune har fått status som trafikksikker kommune.  Foto: Arve Danielsen/arkiv