– Vi må engasjere oss!

– Dersom vi ynskjer kjønnsbalanse i kommunestyra i Ottadalen, må kvinner engasjere seg!

Lokaldemokratiet: – Vi må verne om lokaldemokratiet. Det betyr at fleire må engasjere seg, seier Brit Oline Forberg, leiar i kvinnenettverket LOS.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Det seier Brit Oline Forberg, leiar i kvinnenettverket LOS.

Laurdag inviterer nettverket til seminar på friviljugsentralen i Vågå, med ulike tema: Likestilling, hersketeknikk og karrierar.

– Alle er velkomne, både kvinner og menn. Vi har eit spennande program og svært dyktige foredragshaldarar, seier Forberg.

Vera Selnes, kommunepolitikar i Asker og tidlegare direktør for osloregionens Europakontor, skal prate om politisk erfaring som springbrett i ein karriereveg – og om korleis ein skal påverke, byggje og bruke nettverk til å påverke beslutningstakarar.

Tone Bakken frå VA-systemer skal prata om korleis det er å vera bedriftseigar og sin eigen sjef på godt og vondt, medan Tove Selnes, HR-direktør i Storebrand Norge, skal dele tankar om korleis ein skal få fleire kvinner inn i høge leiarposisjonar.

Hersketeknikkar er det mange som har meiningar om. Korleis skal ein kjenne att og møte hersketeknikkar? Hilde Kristin Holtesmo, seniorrådgjevar i KS, vil dele gode råd.

Brit Oline Forberg er glad for det ho kallar «ljosglimt» når det gjeld kvinner i lokalpolitikken den siste tida. Ho trekkjer fram Live Langøygard, som stiller som ordførarkandidat for Vågå Ap – og Mai Bakken, som er på andreplass på fylkeslista for SV.

– Vidare har vi Iselin Vistekleiven, Aud Hove og Marit Sletten som allereie er gode frontfigurar for oss. Men det er behov for mange fleire, vi må engasjere oss dersom vi skal lykkast i å auke innbyggjartalet og styrke busetnaden. På seminaret vil vi opne for diskusjon og refleksjonar.

– Kven bør koma på dette seminaret?

– Alle som er samfunnsengasjerte. Eg fryktar for lokaldemokratiet dersom vi som bur her ikkje vil «ta i eit tak» for fellesskapet. I Lom, som eit døme, har eg lese at fleire parti slit med å stille liste. Vi må verne om lokaldemokratiet og det betyr at fleire må engasjere seg, svarar Brit Oline Forberg.