Skjåkværen gav mest i Ottadalen

Årets TV-aksjon har til nå samla inn nær 240 millionar kroner.
Nyheiter

Målet med årets aksjon er å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn.

I Ottadalen er det skjåkværen som har gjeve mest i gjennomsnitt.

Innsamlingsresultatet i Vågå, Lom og Skjåk er slik:

Vågå: 159.586 kroner, eit snitt på 43,87 per innbyggjar.

Lom: 105.715 kroner, eit snitt på 45,35 per innbyggjar.

Skjåk: 123.535 kroner, eit snitt på 56,69 per innbyggjar.

Landsgjennomsnittet er på 45,24 kroner.

Tala er henta frå giverstafett.no