Mai Bakken nummer to

Nominasjonskomiteen for Oppland og Hedmark SV har kome med forslag til fylkestingsvalet neste år.

Nummer to: Mai Bakken frå Lom er innstilt som nummer to på Oppland og Hedmark SVs liste til fylkestinget.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Mai Bakken (56) er innstilt som nummer to på SVs liste til nytt fylkesting. Bakken er inne i sin andre periode som vara på fylkesting, og har tidlegare vore lokalpolitikar i Lom. Ho har, og har også hatt, fleire andre verv.

Bakken er til dagleg sjef på Norsk Fjellsenter.

På fyrsteplass på SVs liste er Bjørnar Tollan Jordet frå Tolga.