– Rydd opp langs elva!

Jordbrukssjef Erling Dagsgard kjem med ei klar oppmoding til bøndene.

Plast: Uhorvelege mengder plast reiste med flaumen. Plast er både stygt, forureinande og forsøplande og må bort frå naturen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

– Etter flaumen ligg det mykje ureinske etter elva og langt innpå land. Dette er eit stussleg syn å sjå for alle. Landbruket har òg bidrege med forsøpling særleg i form av rundballplast, men også andre ting som reiste i flaumen. Eg vil derfor oppmode til ein dugnad der alle gardbrukarar ryddar opp på sine eigedomar, seier jordbrukssjefen for Lom og Skjåk.

Han kjem òg med ei klar melding om plasseringa av rundballane.

– Når vi ser på plasseringa av rundball-lagera reknar vi det som sjølvsagt at desse blir plassert på ein godt gjennomtenkt måte framover, seier Dagsgard.

Erling Dagsgard kan fortelja at det blir eit ope møte med forsikringsselskap og landbruksdirektorat ved naturskadeordninga onsdag kveld.

– Vi oppmodar alle som har noko på hjarta om å koma, seier jordbrukssjefen.