Stengde vegar på grunn av flaum

Riksveg 15 er stengt aust for Bismo ved Forberg og i Nordberg. Fleire fylkesvegar i Lom og Skjåk er stengde på grunn av flaum.

Stengt: Riksveg 15 er stengt fleire plassar i Skjåk. Som her i Dønfoss.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Dønfoss: Brua over Dønfossen.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Riksvegen til og frå Bismo er stengt på grunn av flaum. Riksveg 15 er stengt aust for Bismo ved Forberg og ved S-laget og Cirkle K i Nordberg. Skamsarbrua kan bli  stengt på kort varsel.

I Skjåk er følgjande fylkesvegar stengde:

Fylkesveg 485 Nordberg Solside, Marlo Bru på fylkesveg 483 er stengt,  fylkesveg 484 Skjøla Bru i Lundagrendi, fylkesveg 486 Bråtåvegen – på strekninga Tuva til Dønfoss.

I Lom er følgjande fylkesvegar stengde:

Fylkesveg 467 Solsidevegen i Lom er stengt ovafor Borgen, Fylkesveg 55 Sognefjellsvegen er stengt vest for Røisheim.

Flaum: Frå Jøingslli. Fylkesveg 485 Nordberg Solside er stengt.   Foto: Geir Helge Marstein