Det seier skjåkordførar Elias Sperstad til Fjuken sundag ettermiddag.
– Nå har krisestaben sjølvsagt fullt fokus på liv og helse, seier ordføraren.
Han fortel ved 17.30-tida at helikopter er sett inn for å evakuere ein enkeltperson oppover mot Bråtå. Til Åmotsøya vil det òg bli sendt helikopter for å evakuere personar. Elias Sperstad har ikkje talet på kor mange det er prat om her. På Sota og Liavatnet skal 20 personar fraktast ned i bygda att med helikopter sundag kveld. Vassmassene tok med seg Dyringsbrua sundag føremiddag og isolerte hyttefeltet med om lag 70-80 hytter. Forsvaret hjelper til med redningsaksjonane i Skjåk.
Ordførar Elias Sperstad fortel at også 16 husstandar på Dalom har fått beskjed om å koma seg i tryggleik på grunn av elva.
Sperstad fortel vidare at per nå er kommunesenteret Bismo isolert, i og med at riksveg 15 er stengt for trafikk frå båe kantar.
I fylgje Vegtrafikksentralen Øst er Rv15 i Ottadalen stengt grunna flaum på fleire stader mellom Lom og Dønfoss. Vatnet stig framleis, og Vegtrafikksentralen opplyser at vegen ikkje vil bli opna att sundag.
– Det er berre farbart for dei med naudsynte ærend som har med liv og helse å gjera, seier skjåkordføraren.
Heimesjukepleia er ute for å utføre sine oppdrag som vanleg, men naturlegvis noko forseinka. Etter det Fjuken kjenner til blir heimesjukepleia mellom anna frakta med traktor for å utføre oppdraga sine sundag ettermiddag og kveld.
NVE er på plass i Skjåk for å innhente dei ferskaste prognosane når det gjeld flaumsituasjonen. Ordføraren er uroa for kvelden og natta. Krisestaben i Skjåk kommune vil sjølvsagt vera på plass heile kvelden og natta.