Den 24. november blir det storstila 60-årsjubileum. Det er samfunnshuset sjølv som inviterer nåverande og utflytta sjårdølar til jubileumsfest.
Arrangementskomiteen og aktørar frå Sjårdalen Amatørteaterlag har lagt opp til ein kveld med historiske attendeblikk, underhaldning, fire-rettars middag, og festmusikk - alt med preg frå 50-talet og fram til i dag.
Magnar og Øystein Bakke leier gjestane gjennom kvelden, medan Thomas Bakke og Svein Rune Damstuen spelar til dans.
Arrangementet er eit lukka lag med påmeldingsfrist 10. november.