Gruppa består av dei tre brørne frå familien Rossehaug: Ola, Eilev og Bjarte.
– I tillegg har vi nå fått med oss sjølvaste Steinar Odde. Han skal spela femradar. Vi er sikre på at det er dette som er nøkkelen til den heilt store suksessen, berre vent og sjå, seier Ola Rossehaug og skrattar godt.
Det er sjeldan Anal Bros held konsert, og det er ein heilt bevisst taktikk, fortel Ola.
– Vi gjer oss kostbare, for da blir vi meir attraktive. Vanlegvis held vi konsert ein gong i året, men i fjor sa vi nei, trass i at invitasjonane kom rennande inn frå både her og der!
Han skrattar på nytt. Kva som er tull og kva som er sant når det gjeld Anal Bros, er ikkje godt å seia. Det som i alle fall er sikkert, er at gruppa skal halde julekonsert på Nordal den 22. desember.
– Vi skal syngje jula inn. Eg kan ikkje love at alle kjem i julestemning. Eg kan heller ikkje garantere at det kjem juleplate, men det kan hende. Det er viktig det, veit du, for da kan vi koma i Se og Hør kledd i lusekofte og alt. Det er det jo berre dei som gjev ut juleplate som får vera med på.
– Kva blir antrekket på julekonserten?
– Ingen kommentar, men vi kan lova eit spesielt kostyme, det er sikkert. Vi gler oss!