Tidlegare langrennsstjerne Odd Martinsen (75) er imponert over rulleskianlegget på Lalm:

– Samhald og dugnadsånd av høg kvalitet

Odd Martinsen let seg imponere førre veke da han var på Lalm for å sjå på rulleskianlegget.

Imponert: – Eit flott anlegg! Tidlegare langrennsløpar Odd Martinsen (t.h.) var imponert over rulleskianlegget på Lalm da han såg det førre veke. Han spaserte heile løypa saman med Eirik Johaug i Lalm IL og Halfdan Kluften i Sjårdalen IL.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Etter å ha vunne så mange gullmedaljar som det du har gjort opp gjennom åra, er det artig at du kjem hit for å lære litt, skjemta Halfdan Kluften til tidlegare langrennsløpar Odd Martinsen, da han besøkte Lalm sist veke.

Martinsen fekk sitt internasjonale gjennombrot i VM 1966, og vann fleire gull i NM, VM og OL i karrieren. I 2014 vart han dessutan utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for «innsats for norsk og internasjonal skiidrett».