Skafferiet har stengt døra for godt

Skafferiet Kafé og Pub AS på Skjåk kjøpesenter er stengt. Onsdag ettermiddag melde dagleg leiar oppbod.

Stengt: Skafferiet Kafé og Pub AS på Skjåk kjøpesenter er konkurs. Onsdag melde dagleg leiar oppbod, og takkar for laget.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det er økonomien som er årsaka til at eg nå valde å melde oppbod. Eg har ikkje fått til dei tinga eg hadde tenkt, og på eit tidspunkt må ein berre stoppe, seier dagleg leiar Astrid Gjertsen i Skafferiet Kafé og Pub AS til Fjuken.