Planane er ikkje skrinlagt

Planane om å etablere ein internasjonal skule på Nordberg skule står fast.

Folkehøgskule: Planane om ein internasjonal folkehøgskule i nedlagte Nordberg skule står ved lag.   Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Kjøparane av skulen, Afrim og Liridon Krasniqi, var måndag i møte med Skjåk kommune. Det har vore stilt rundt prosjektet i fleire månader.

Folkehøgskulen, som vil få namnet «International High School for Norwegian wilderness, education and culture», skulle etter planen opnast hausten 2019.