Lite engasjement i Lom før kommunevalet i 2019:

Slit med vallistene

Kor mange parti i Lom vil lykkast i å stille liste til neste kommuneval? Det er det ingen som veit.

Lite engasjement i Lom: Det er vanskeleg å få lomværane til å engasjere seg i lokalpolitikken.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Fjuken har teke ei telefonrunde til Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Lomslista og Bygdalista. Den einaste konklusjonen ein kan trekkje, i alle fall førebels, er at Senterpartiet stiller liste.

Sp

– Vi har mykje engasjement og mange medlemar som vil vera med å ta i eit tak for fellesskapet. Det ser svært ljost ut, rapporterer Svanhild Lyngved, nyvalt leiar i nominasjonskomiteen i Lom Senterparti.