Hell i uhell

Måndag kveld velta det ein dumpar i samband med arbeidet med skredvoll over Ulstad i Lom.

Opp ned: Dumparen ligg opp ned.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Fjuken får opplyst at det gjekk fint med sjåføren.

Det er entreprenør Erling Rolstad AS som utfører arbeidet.

Å få dumparen på hjula att er ei utfordrande oppgåve.

Tysdag føremiddag får Fjuken opplyst at bergingsutstyr- og maskinell er på tur til Lom.