Snart opnar nye Kiwi

– Det er mange som spør når vi skal opne nybutikken. Det er ingen tvil om at engasjementet er stort.

Hektisk: Lokalet etter Rema 1000 skal pussast opp «frå topp til tå», og det arbeidet pågår for fullt i desse dagar.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det seier Arnt Rune Vole, dagleg leiar i Kiwi Lom.

Som tidlegare kjent skal Kiwi i Lom flytte frå Nilsbue på Bergom til det tidlegare lokalet til Rema 1000 i Gjeisarøya.

Nå er opningsdagen bestemt, i alle fall dersom alt går som planlagt: 26. oktober.

Bygget i Gjeisarøya tek til å bli nokre år. Derfor er det óg ein del som må oppgraderast før Kiwi kan ynskje kundane vel møtt til den nye butikken.

Det arbeidet er godt i gang.

– Det aller meste blir flunkande nytt. Vi skal måle og «shine opp» alt vi kan. Somme element blir med frå nåverande butikk, men det meste, til dømes kjøl, frys og ljosarmatur blir nytt, seier Vole.

Han fortel at nye Kiwi Lom får 300 kvadratmeter større salsflate ved å flytte frå Nilsbue til Gjeisarhaugen. Det betyr fleire varer, større plass og betre oversikt.

– Eg har tru på at resultatet skal bli skikkeleg bra, men vi veit kva vi skal gjera i dagane framover. Det blir travelt, konstaterer Arnt Rune Vole.