Ivar byrja å jakte elg som 15-åring

Ivar Vassdokken (85) i Randsverk har jakta elg i 70 år. Under årets elgjakt felte han sin elg nummer 79.

Elgokse: Jaktlaget felte elgoksen andre dagen i årets jakt. Frå venstre står Jaktleiar Jermund Vassdokken, Viggo Resset, Per Ove Røe, Rolf Vassdokken, Finn Vassdokken og Erik Tofte. Skyttar Ivar Vassdokken på kne ved elgoksen. Veteranen Ivar Vassdokken har jakta på elg i 70 år og var 15 år fyrste gongen han var med. Dette er årets høgdepunkt for både han og dei andre i jaktlaget.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det er ein sprek 85-åring som er med på jaktlaget til sonen Jermund Vassdokken.

Jaktlaget er eitt av åtte lag som jaktar i Langmorkje Almenning. Dei har jakt i Rindhovdafeltet og har ei kvote på fem elgar og hjort frå felleskvota.