Bygginga er i gang ved Krambue

Arbeidet med å reise eit kafébygg med 55 sitteplassar er i gang i Sjodalen.

Kafébygg: Det nye kafébygget i Sjodalen blir ved sidan av Krambue. Bygget blir 160 kvadratmeter stort og får 55 sitteplassar. Drivar av Krambue, Cecilie Øyen, ser fram til å opne nybygget våren 2019.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi er godt i rute, og planen er å ta i bruk kafébygget til vårs, seier Cecilie Øyen.

Ho driv den vesle fjellbutikken Krambue ved Øvre Sjodalsvatnet, som foreldra overtok i 2006. Da Fjuken stoppa ved Krambue sist helg var det full drift med å setje opp nybygget innanfor parkeringsplassen.