Lomsordføraren om NVE si kartlegging av skredfaren i Ottadalen:

– Ein kan aldri sikre seg 100 prosent

Lom, Skjåk og Vågå har endeleg presise kart som gjev oversyn over skredfaren i utvalde område med busetnad.

Frustrerande: – Det er frustrerande at så store område i Lom ligg innanfor faresone for ras. Det gjeld særleg Bøverdalen, tykkjer lomsordførar Bjarne Eiolf Holø.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har utarbeidd karta. Karta fortel at det i Ottadalen ligg 23 bygg innanfor 100-års faresone – og over 400 bygg innanfor 1000-års faresone.