Spennande skattejakt på fossheim

Vel 50 personar kom innom Fossheim for å syne fram «skattar» til ekspertar frå Blomqvist.

Litt av kvart: Monica Holm hadde med seg litt av kvart, blant anna ei gamal, svært fin kubjølle. Alexander Foss, ekspert på antikvitetar, bondeantikvitetar og rosemåling, fortalde til Fjuken at han storkosa seg heile kvelden. – Folk har teke med seg mykje interessant og spennande, sa han.  Foto: Vigdis Kroken

Bollen eg hadde ting i, var det mest interessante.

Nyheiter

Vi er svært nøgde med kvelden i Lom. Oppmøtet var godt, mykje betre enn vi hadde rekna med. I tillegg vart det synt fram mykje fint av både kunst og små og store gjenstandar. Somme ville selja, andre ville ha informasjon og kanskje ei verdivurdering. Vi fekk knytt fleire fine kontaktar med folk og er alt i alt svært tilfredse, oppsummerer kunstekspert Nina Castberg Bråthen.

Ho fortel at dei allereie har prata om at det er aktuelt med ein ny tur til Lom, kanskje til våren att.