Hans Bollandsås og Jumpin’ Jerry til Grotli i helga

I helga er det «Blues over tregrensa» på Grotli, og arrangørane har ein skikkeleg godbit i ermet.

Blues: Hans Bollandsås og bandet hans Jumpin’ Jerry kjem til Grotli Høyfjellshotell i helga, under det populære arrangementet «Blues over tregrensa» som blir arrangert for 16. gong. Som vanleg er det venta fullt hus og god stemning.   Foto: Pressefoto

Nyheiter

Årets blueshelg er nummer 16 i rekkja på Grotli Høyfjellshotell. Som einaste arrangør i landet har Blåhø Blueslag greidd å få booka Hans Bollandsås og hans gamle legendariske band Jumpin’ Jerry. Bandet var sterkt inspirert av femti- og sekstitalsblues, og turnerte Noreg i fleire år.

Blueshelga på Grotli byr i år elles på artistane Erik Harstad & The Buzzbrothers, The Rocket Squad og Nidaros Blueskompani.