Gledeleg folketalsauke i Skjåk

Skjåk kommune har så langt i år fått ein folketalsauke på ni personar.

Opp med ni: Så langt i år har Skjåk kommune fått ein folketalsauke på ni personar.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Ordførar Elias Sperstad trur den gledelege folketalsveksten kjem som eit resultat av fleire ting.

– I Skjåk kommune er vi aktive når det gjeld omdømmebygging. Vi har bygt ein ny skule som eg óg trur slår positivt ut. I tillegg tek vi direkte kontakt med utflytta skjåkværar dersom vi får signal om at dei ynskjer å koma heim att. Eg har sjølv ringt til fleire for å spørja om kva slags arbeid dei er ute etter, og kva som elles må til for at dei skal bestemme seg. At vi er aktive på dette viset, at vi tek direkte kontakt, blir det sett pris på. Fleire utflytta skjåkværar har sagt at dei kjenner seg ynskt attende i heimbygda, fortel Sperstad.

Ein folketalsauke på ni personar høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men for ein såpass liten kommune som Skjåk er auken betydeleg.

– Folketalsveksten får store, positive ringverknader på mange vis, ikkje minst når det gjeld innbyggjartilskotet frå staten, påpeikar skjåkordføraren.

Det er berre Skjåk, Gausdal og Nord-Fron som har hatt folketalsauke av kommunane i Oppland dei to siste kvartala. Gausdal fekk ein auke på 4, Nord-Fron ein auke på 18. Tala elles må kunne seiast å vera svært nedslåande: Minus 10 i Lom, minus 14 i Vågå, minus 20 på Lillehammer, minus 115 i Gjøvik, 0 i Dovre, minus 10 i Lesja, minus 35 i Sel, minus 18 i Sør-Fron, minus 5 i Ringebu og minus 5 i Øyer.

– Eg er glad for den positive utviklinga i Skjåk, men håpar inderleg at vi får med oss dei andre kommunane på same «trend» i tida framover, kommenterer ordførar Sperstad – som avsluttar samtalen med følgjande gledesutbrot:

– Akkurat nå fekk eg faktisk vite at det kjem heim att tre til!