Stengt over fjellet

To lastebilar har kollidert. Riksveg 15 er stengt.

Stengt: Fleire bilar står fast på fjellet mellom Skjåk og Stryn.  Foto: Skjermdump webkamera Grasdalen/Statens vegvesen.

Nyheiter

To lastebilar har kollidert i Skjeringsdalen, mellom Grasdalstunnelen og Ospelitunnelen. Vegen er difor stengt i på vente av berging.

I fylgje kjelder Fjuken har vore i kontakt med, kan det ta mellom to og seks timar før vegen blir opna.

– Det er såpeglatt på Strynefjellet. Den eine føraren av vogntoget mista kontrollen og vogntoga køyrde i kvarandre, seier regionlensmann Lasse Trosdahl til Nrk.

Politiet har gjort beslag av førarkorta etter hendinga.

– Den eine føraren hadde med seg kjetting, men ingen av køyretøya hadde kjetting på. Det var snakk om dårlege dekk, seier Trosdahl til Nrk.

Elles kan det meldast at det har snødd tett torsdag morgon og føremiddag, og at det kan vera fare for glatte vegar i Ottadalen.


På tide å legge om - fleire bilar av vegen

Ein tipsar fortel om fleire bilar av vegen i Råsbakken.