På tide å legge om - fleire bilar av vegen

Ein tipsar fortel om fleire bilar av vegen i Råsbakken.
Nyheiter

Torsdag morgon og føremiddag snør det tett i Ottadalen, og ein kan trygt seia at det er slapseføre, for ikkje å seia glatt fleire stader.

Ein tipsar fortel for eksempel at fleire bilar har køyrt av vegen i Råsbakken aust for Lom sentrum.

På fjellet har to lastebilar vore inni kvarandre i Grasdalsområdet. VTS melder at vegen er stengt klokka 10.50 og inntil vidare.

Har du ikkje vinterdekk, bør du tenkje deg om før du køyrer.