Bilberging på Sognefjellet

Det er føretrøbbel på fjellovergangane - viss du ikkje er godt skodd.

Krossbu: Torsdag efta køyrde ein semitrailer seg fast i svingane opp mot Sognefjellet.  Foto: Fjukentipsar

Nyheiter

Det er redusert framkome på fylkesveg 55 over Sognefjellet på grunn av fleire biluhell.

I svingane opp frå Krossbu har ein utanlandsk semitrailer køyrt seg fast i slapset og må bergast. Også andre bilar skal ha vore av vegen, i fylgje VTS.

Politiet melder at fleire har køyrt av vegen, men at det ikkje er personskadar. Politiet melder òg om svært vanskelege køyretilhøve.

– Føret på Sognefjellet er heilt kurant det, det er slaps i vegbana, men om ein har vinterdekk er det ikkje noko problem, seier tipsaren vår.

På riksveg 15 mista to vogntogsjåførar førarkortet etter ein kollisjon. Ingen av bilane hadde gode nok dekk.