Arbeidet med skredvoll over Ulstadfeltet i gang

Noregs vassdrags. og energidirektorat (NVE) er i gang med arbeidet med å etablere skredvoll i Lom.

I gang: Arbeidet med å bygge skredvoll over Ulstad er i gang.  Foto: Ola Rossehaug/Lom kommune

Nyheiter

NVE, i samarbeid med Lom kommune, skal sikre bustadfeltet i Ulstad med ein gedigen voll.

Det var Norges Geotekniske Institutt (NGI) som i 2008 kartla skredfaren i Lom, og det vart konkludert med at faren for skred i Ulstad er stor.

Tiltaket som skal hindre øydeleggjande skred er ein 450 meter lang voll og eit 70 meter langt steinspranggjerde. Tiltaket er kostnadsrekna til 31,5 millionar kroner.

NVE varslar at det vil bli ein del anleggstrafikk i og til og frå Ulstad. Riggplassen er etablert på Fossheim-jordet.

NVE opplyser også om at det i anleggsperioden ikkje vil vera mogleg å bruke stiane som kryssar anleggsområdet, men at alternativ rute vil bli skilta..

Ein må òg rekne med støy i samband med sprengningsarbeid og masseknusing.

Det er entrepenør Erling Rolstad AS som utfører arbeidet, som er venta avslutta i januar/februar 2019.

Vollen skal tilsåast og finpussen skal utførast i juni neste år.