To til sjukehus

Ein personbil og ein lastebil kolliderte.
Nyheiter

Tysdag kveld kolliderte ein personbil og ein lastebil i Sjodalen, mellom Randsverk og Hindsæter.

Det sat to personar i personbilen som båe vart sendt til sjukehus for ein sjekk.

Onsdag morgon er det vinterføre på fjellovergangane.