Snart klart for det tredje stillingssleppet

Nå skal det gjennomførast eit nytt stillingsslepp i Nord-Gudbrandsdal.

Nytt slepp: Prosjektleiar i Regionrådet, Ida Amble Ruge, og vågåordførar Iselin Vistekleiven er klare for nytt stilingsslepp.  Foto: Presse

Nyheiter

Dei gode resultata frå tidlegare år gjer at det blir gjennomført eit nytt stillingsslepp 11. desember. Stillingssleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. I fjor var det over 100 ledige stillingar frå heile regionen som vart sleppt samtidig.

Dei to tidlegare åra har Vågå kommune vore ansvarleg for gjennomføringa, men i år overtek Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal stafettpinnen. Dette synleggjer at sleppet gjeld for heile regionen. Ida Amble Ruge er prosjektleiar for årets stillingsslepp. Ho har store forventningar til både talet på ledige stillingar og kva sleppet kan oppnå.

– Gjennom stillingssleppet ynskjer vi å synleggjera mangfaldet av stillingar i regionen. I tillegg vil vi bidra til at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar både regionalt og nasjonalt, og at dei dermed får fleire søkjarar, seier prosjektleiaren.

Ho oppmodar bedrifter og verksemder som har ei ledig stilling og som planlegg å lyse ut stillinga, til å bli med på stillingssleppet. Det er mogleg å registrere ledige stillingar fram til tysdag 27. november.