Hausttakk flyttar inn i Skjåkhallen

Årets Hausttakk i Skjåk blir å finne under tak.

– Velkomne: Leif og Lisa Skiaker, Morten Hagen, Marianne Stensgård og Elling Starrem ynskjer velkomne til Hausttakk fredag 5. og laurdag 6. oktober. Hausttakk har vorte ein tradisjon siste helga av haustferien.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I fylgje arrangøren kan det gå mot rekorddeltaking på hausttakken som skal skje laurdag 6. oktober, med ein «tjuvstart» fredag kveld.

– Vi har valt å arrangere det innomhus i år, etter attendemeldingar, særleg frå utstillarane, om at det tidlegare har vore kaldt og hustreg, seier Marianne Stensgård.

Leif Skiaker kan fortelja at det også i år blir quiz, og at Solstad & Melby skal underhalde utover kvelden fredag.

Dei som er glad i akevitt får også sitt fredag kveld. Lars Ole Ørjasæter kjem og skal halde foredrag om «livets vatn».

Laurdag blir det lokal mat som står i fokus.

– Hausttakk skal vera matrelatert. At Skjåk er ei jordbruksbygd ligg i botnen for dette arrangementet, seier Marianne Stensgård.

Sjølve arrangementet Hausttakk er basert på dugnadsinnsats frå utstillarar, næringsliv og Skjåk kommune.

– Det er berre å hive seg på viss einkvan har noko å bidra med, inviterer komiteen for årets Hausttakk.

Så langt har 25 utstillarar meldt seg på, og det kan gå mot rekorddeltaking.