Uroa over vital infrastruktur i Ottadalen:

– Dette er eit samfunnsansvar

I Vågå, Lom og Skjåk var telefon- og datasambandet nede i nesten 20 timar torsdag 20. september. KS Hedmark og Oppland er uroa for vital infrastruktur, og ber om møte med mellom anna Justisdepartementet.

Uroa: Fylkesleiar i KS Oppland Aud Hove, administrasjonssjef i Lom kommune Ola Helstad og ordførar i Vågå kommune Iselin Vistekleiven er uroa over utviklinga når det gjeld vital infrastruktur. Nå ber dei om møte med Justisdepartementet, for å drøfte situasjonen i Ottadalen.   Foto: Privat

Nyheiter

Frå midnatt og fram til klokka 19.00 om kvelden torsdag 20. september var telefon- og datasamband nede i heile Ottadalen grunna trefall på lina. Dette gjorde at innbyggjarane ikkje kunne nå ut med telefon om dei trengde akutt hjelp ved sjukdom, brann eller andre ulykker. Tryggleiksalarmane fungerte heller ikkje, med dei konsekvensane det kunne fått.

– Dette viser kor sårbart samfunnet og enkeltmenneska blir om ein ikkje har ei nødløysing for telefoni. Fylkesstyra i KS Hedmark og Oppland er sterkt uroa over denne utviklinga, seier Aud Hove som er fylkesleiar i KS Oppland, administrasjonssjef i Lom kommune Ola Helstad og vågåordførar Iselin Vistekleiven i ei pressemelding.

Nå vil dei be om eit møte med Justisdepartementet, Fylkesmannen i Oppland, Fylkesmannen i Hedmark og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, for å orientere om hendingar i Oppland og Hedmark. Her ynskjer dei óg å drøfte kva som skal til for å sikre liv og helse for kommunane, og gjera kommunane i stand til å ta det beredskapsvalet dei skal ha.

– Kommunane arbeider systematisk med evaluering av hendingane, og vil i neste omgang bidra til tiltak som reduserer risikoen ved komande og liknande hendingar. Kommunane er ikkje i stand til å løyse denne utfordringa sjølve, og føreset at alle samarbeidspartar bidreg til dette, seier Hove, Helstad og Vistekleiven.

Telenor sitt nett var nede grunna trefall på lina den aktuelle dagen.

– Det viser seg i etterkant at dette var varsla tidlegare også, utan at feil hadde vorte retta opp. Telenor har berre éi line til desse kommunane, og leverer ikkje god nok løysing på nett når tre på lina kan gje så store konsekvensar for Vågå, Lom og Skjåk. Ei slik hending set liv og helse i fare. Det er óg svært kritikkverdig at Telenor ved fleire høve tidlegare har vorte tilbode å få låne fiber frå Eidsiva mot at dei kunne låne hjå Telenor som ei reserveløysing, der dei to aktørane kunne bytt kapasitet med kvarandre ved akutte situasjonar. Det bør vera statlege føringar som tvingar gjenom ei slik løysing for at vi skal unngå slike situasjonar i framtida, meiner KS-trioen.