Fritt fram for meir ljos på bilen

Frå fyrstkomande måndag kan du montere så mykje ekstraljos du vil på bilen din.

Meir ljos: Frå 1. oktober kan du montere så mykje ekstraljos du vil på bilen din.  Foto: Tom Erik Solstad/ Illustrasjon

Nyheiter

Det er Samferdselsdepartementet som opplyser dette i ei pressemelding.

– Med dei lange og mørke vintrane vi har i Noreg, er det mange som kunne tenkje seg moglegheita for betre ljos på bilane sine. Difor har regjeringa no endra regelverket, slik at det frå måndag blir meir fleksible reglar for montering av ekstraljos på bil, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dei nye reglane som opnar for eit fritt tal på ekstra fjernljoslykter på bil, gjeld frå måndag 1. oktober.

Frå same dag blir det ikkje lenger krav om maksimal ljosstyrke eller montering i par for slike ekstra fjernljos. Dei nye reglane gjeld for alle bilar, både lette og tunge.

– Vi har dei siste åra fått fleire spørsmål om regelverket på bruk av ekstraljos på bil. Særleg gjeld det maksimumskravet til ljosstyrke og kravet om at ekstraljos måtte vera montert parvis. I Noreg har vi lange og mørke vintrar. Med bakgrunn i at moderne nærljos gjev mykje betre effekt enn tidlegare, blir overgangen frå fjernljos til nærljos ikkje så krevjande for føraren sitt syn. Difor opnar vi nå for å tillate meir fjernljos som vil kunne bidra til å gjere både mjuke trafikantar og dyr meir synlege på mørke vegstrekningar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.