Statens vegvesen har etablert to fartshumpar i Bismo:

– Litt kunstig plassering av fartshumpane

Politiet og ordføraren i Skjåk stiller seg undrande til at innspel og forslag frå lokalt hald ikkje har vorte teke med i Statens vegvesen si vurdering ved etablering av dei to fartshumpane i Bismo.

– Kunstig plassering! Statens vegvesen har etablert to fartshumpar i Bismo. Ordførar Elias Sperstad er ikkje samd med Statens vegvesen sitt val. – Eg tykkjer det er litt kunstige plasseringar av humpane, seier Sperstad.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I dag er det i alt seks gangfelt som kryssar riksvegen i Bismo. Nyleg vart det etablert to farthumpar på riksvegen. Den eine fartshumpen er plassert ved Skjåk turistheim, medan den andre er plassert rett aust for Skjåkheimen.