Det er Vegtrafikksentralen Øst som laurdag ettermiddag melder at fylkesvegen mellom Ottadalen og Valdres, Fv51 Valdresflye, blir stengt klokka 18.00 laurdag.
Stenginga skuldast uvêr.
Vegtrafikksentralen opplyser at det er mykje vind og dårleg sikt over Valdresflye.
Også på Fv55 over Sognefjellet er det uvêr. Sognefjellsvegen vart stengt laurdag morgon, og blir i fylgje Vegtrafikksentralen Øst ikkje opna att før tidlegast sundag.