Bruken av antibiotika er kraftig redusert i Oppland

Lom helseheim er i førarsetet

Bruken av antibiotika for sjukeheimar i Oppland er redusert med 18,6 prosent det siste året. Reduksjonen ved helseheimen i Lom: 45,9 prosent!

Lom helseheim: Ved Lom helseheim er dei tilsette svært restriktive med å medisinere bebuarane. Det gjeld både antibiotika og anna type medisin.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Men ikkje berre det: Lom helseheim hadde eit lågt forbruk av antibiotika allereie før prosjektet RASK - «Riktigere antibiotikabruk for sykehjem i kommunen» - vart igangsett.