Laurdag vart dei seriemeistrar

Vågå vann på heimebane laurdag ettermiddag.

Seriemeistrar: Vågå sitt 6. divisjonslag vart seriemeistrar etter å ha vunne sesongens siste kamp laurdag.  Foto: Heidi Strømstad

Nyheiter

Vågå måtte spele uavgjort eller vinne sesongens siste kamp for å bli seriemeistrar. Laurdag ettermiddag møtte dei Øyer/ Tretten på Halland.

Der stod Aleksander Aurmo for kampens fyrste mål, medan Lars Øystein Kleppe skåra på straffespark i fyrsteomgangen. Vågå gjekk til pause med stillinga 2-0.

I andre omgang vart det meir motgang for vagværane, og gjestane Øyer/ Tretten stod for omgangens einaste mål. Kampen på Halland enda 2-1 til Vågå.

Dermed vart Vågå seriemeistrar i 6. divisjon.